- ein tradisjonsrik festival
som verte arrangert kvart år!
Me byr på kjende artistar og god stemning.

Då Fitjar i 2010 feira 150 år som sjølvstendig kommune, vart det danna eit styre som skal sørgje for arrangement i bygda vår. Det er lag og organsisasjonar på Fitjar, saman med styret, som står for gjennomføringa av dei. Me er ei lita bygd, men har mykje engasjement, iver og tru på at det kan skje ting også i distrikta.

Årest Fitjarfestivar går av stabelen 10-13 august!

Hermøter du blant anna:

Sigrid Moldestad, Klangboltane, Årstein Tislevoll, Gunslingers og Black Ingvars.

BODGATA

Også i år vert det mykje flott å sjå i bodgata! Ønskjer du å vise fram dine produkt i ei bod?

Ta kontakt med Ellinor Bergesen på telefon 971 43 785/

e-post:   post@ftjar.frivilligsentral.no.

Frist 15. juni.

Overnatting

HOTELL:
Fitjar sitt einaste hotell, Fitjar Fjordhotell, har 24 rom totalt. Fitjar Sportell, som vert drive av Fitjar Fjordhotell, er eit billigare alternativ, som ligg ca. 200 meter frå hotellet. Her har dei 46 rom totalt. Sjå fitjar-fjordhotell.no

CAMPING:
Fitjar har ein campingplass! Fitjar Sjø og Camping ligg tre kilometer utanfor sentrum. Der går det an å komme med bubil, campingvogn eller telt, med alle fasilitetar. Sjå fitjarcamping.no

ANNA:
Fitjar bed (and maybe breakfest) Me oppfordrar alle som bur på Fitjar til å lukka opp si hjartedør - slepp gjestene inn, la dei overnatta og få eit hyggeleg samvær. Anten dei er kjente eller ukjente. Dette er ein kjempekoseleg og sosial måte å tilbringa ei helg på Fitjar.

Transport/tilkomst

BUSS:
Om du kjem frå Bergen er det berre å setje seg på kystbussen som går kvar time frå bystasjonen, utgangen ved polet – så om du skulle trenge noko derifrå er det berre å smette innom på vegen. Du kan kjøpe billett på bussen, eller bestille på nettet, som er noko rimlegare. Denne bussen går også frå Stavanger og Haugesund. Sjå kystbussen

TAXI:
Taxitilbodet i Fitjar er godt. Ekstra styrkar blir sett inn under festivalen. Tlf. til Fitjar Taxi er 95 20 95 18.

FLY:
Kjem du langvegsfrå, til dømes frå Oslo, kan du flyge med Norwegian eller SAS til Bergen eller Haugesund eller med DAT til Stord, men me oppfordrar sjølvsagt alle å velje den meir miljøvennlege – og sosiale transportmåten NSB. Sjå dei respektive flyselskapa sine heimesider.

SNØGGBÅT:
Om ein vil varme opp på den rette måten, kan snøggbåten som går mellom Bergen – Stord – Haugesund og Stavanger vera eit godt alternativ. Sjå norled.no

Når du først kjem til Fitjar, det vil seie Sandvikvåg, kan du sikkert spørje nokon kjende om dei kan plukke deg opp, fitjarbuen er gjestfri og sjenerøs. Viss ikkje er det sikkert lurt å sjekke ut rutetidene til Skyss frå Sandvikvåg til Fitjar sentrum. Sjå skyss.no

Les meir om festivalen og sjå program på www.fitjarfestivalen.no 

TV 2 Torget-referanse: 100326654

Kontakt

Email Send epost
Nettside Klikk her

Sted

Adresse v/ Hrafn Thorsteinson Rundamyr 14
5419 FITJAR
Kommune Fitjar
Fylke Hordaland
Land Norge
Del med andre