Velkommen til Oselvarverkstaden!

- 2000 års båthistorie!



Oselvarverkstaden på Osøyro vart opna i juni 1997 for å ta vare på båtbyggjarhandverket i samsvar med tradisjonar og strenge krav til kvalitet, og å føra båtbyggjarkunnskapen vidare til nye generasjonar ved systematisk og grundig opplæring av nye båtbyggjarar.

Oselvarverkstaden er ei stifting etablert etter tiltak frå Os kommune med støtte frå Norsk kulturråd og Hordaland fylkeskommune.

Tradisjon i tre


Oselvaren er klinkbygd (sideborda er klinka saman kant over kant) av tynne, svært breie bord. Først vert borda sauma opp mellom stamnar og kjøl, deretter vert band (spant) sett inn. Ein færing har tre bordhøgder på kvar side. Vyrket er furu. Til kjøl, lot, stamnar og keipar vert nytta eik.

Båtbyggjarens arbeid startar i skogen. Han må finna båt-furuer med grovt rotmål, og høveleg sjølvvaksen emneved for spanter, keipar osb. Ein særleg viktig detalj i konstruksjonen er halsane, dei «vindske», meir eller mindre trekanta borda som gjev båtbotnen form mot stamnane. Desse borda vart tradisjonelt hogne til med øks, men det har òg vore nytta damp og presser for å gje halsane form.

Sport og fritid


Oselvaren var ikkje berre ein arbeidsreiskap. Båten har lange tradisjonar til sports- og fritidsbruk. Den lette og snøgge båten høvde godt for kappsegling og kapproing. Den første regattaen vart skipa til av Bergen Seilforening jonsok 1871.

Båten vart frå først av rigga med råsegl, men mot slutten av 1800-talet gjekk strilane over til sprisegl. Andre rigg-variantar er gaffelsegl og bermuda.


For mer informasjon om oss se www.oselvarverkstaden.no

TV 2 Torget-referanse: 100180516
Oppdatert : 01.09.2010

Kontakt

Telefon 56 57 52 55
Telefon 922 23 584
Telefaks 56 57 50 01
Epost Send epost
Nettside Klikk her

Sted

Adresse 5202 OS
Kommune Os
Fylke Hordaland
Land Norge