Velkommen!
Oselvarverkstaden byggjer båtar på bestilling. Bestill ein oselvar så byggjer me han nett slik du vil ha han!
Oselvaren fekk namnet sitt etter den viktigaste byggjestaden for denne båttypen på 1700-talet: ved munninga av Oselva. Båtbyggjarane her var kjende for dei lette, mjuke og snøgge trebordingane sine, båtar nett slik strilane ville ha dei.
Oselvarane vart mykje nytta mellom anna til transport av fisk og jordbruksprodukt til Bergen. Ved Torget, der det var trongt om plassen for større båtar, låg oselvarane tett i tett. Og frå desse flytande handelsbuene falbaud strilane varene sine.
Oselvaren er klinkbygd (sideborda er klinka saman kant over kant) av tynne, svært breie bord. Først vert borda sauma opp mellom stamnar og kjøl, deretter vert band (spant) sett inn. Ein færing har tre bordhøgder på kvar side. Vyrket er furu. Til kjøl, lot, stamnar og keipar vert nytta eik.
Båtbyggjarens arbeid startar i skogen.
Han må finna båt-furuer med grovt rotmål, og høveleg sjølvvaksen emneved for spanter, keipar osb. Ein særleg viktig detalj i konstruksjonen er halsane, dei «vindske», meir eller mindre trekanta borda som gjev båtbotnen form mot stamnane.
Desse borda vart tradisjonelt hogne til med øks, men det har òg vore nytta damp og presser for å gje halsane form.
Oselvaren var ikkje berre ein arbeidsreiskap. Båten har lange tradisjonar til sports- og fritidsbruk. Den lette og snøgge båten høvde godt for kappsegling og kapproing.
Den første regattaen vart skipa til av Bergen Seilforening jonsok 1871. Interessa for oselvaren som konkurransebåt har hatt mykje å seia for at han har overlevd motoralderen til no. Fleire lag og seglforeiningar arbeider for båten – ikkje minst i sportssamanheng.
Båten vart frå først av rigga med råsegl, men mot slutten av 1800-talet gjekk strilane over til sprisegl. Andre rigg-variantar er gaffelsegl og bermuda. Ved kappseglingar vert oselvarane delte inn i klassane: 8 kvm spri, 8 kvm, 10 kvm og 15 kvm bermudasegl.
For mer informasjon, klikk deg inn på vår
Kontakt
| Telefon | 56 30 54 86 |
| Epost | Send epost |
| Nettside | Klikk her |
Sted
| Adresse | 5200 OS |
| Kommune | Os |
| Fylke | Hordaland |
| Land | Norge |