Velkommen
Årdal Plast as er ei tradisjonsrik verksemdlokalisert i Årdal Kommune, mellom mektige Jotunheimen og vakre Sognefjorden. Selskapet vart etablert i 1987.
Vårt viktigaste og mest selde produkt er heildekkande
servantar til bad.
Me kan i dag tilby slike servantar i kunstmarmor, kunstmarmor med overflate i solid surface og i porselen. Som ein av få leverandørar kan me levera både standardmodellar og servantar på spesialmål, noko som gjer oss til Noregs mest komplette leverandør av servantar til bad. I 2010 har me lansert tre nye modellar i materialet Avonite. Dette er eit materiale likt Corian, LG osv og som har heilt unike eigenskapar og produktmoglegheiter. Desse modellane er laga for montering utan møbel.
AARDAL skreddarsyr servantar og andre produkt som
benkplater og resepsjonar.
I tillegg til standardservantar, skreddarsyr me servantar etter teikning. Her legg me vekt på at du fritt skal kunna velja farge, utforming av sjølve servanten og kva kum du vil ha i servanten. Me kan tilby rektangulære med bua botn, runde, ovale eller firkanta kummar. Våre mest populære kummar i kombinasjon med servantplater i Avonite er Barcelona (oval kvit), Hamburg (oval farga) og Deco (rektangulær farga med bua botn). Les mer
Gå inn på
www.aardal-as.no
Kontakt
| Telefon | 976 85 270 |
| Epost | Send epost |
| Nettside | Klikk her |
Sted
| Adresse |
postboks 167 6882 ØVRE ÅRDAL |
| Kommune | Årdal |
| Fylke | Sogn og Fjordane |
| Land | Norge |