Velkommen til Aromaterapi - Ro og Harmoni

AROMATERAPI:
Aromaterapi er den terapeutiske, kontrollerte og allsidige bruken av eteriske oljer for å forebygge, hjelpe på og redusere fysiske og psykiske plager. Ved ein aromaterapimassasje blander eg eteriske oljer med vegetabilsk olje, ut i frå klientens plager. Oljane blir lett tatt opp i huda og lukteorganet og påverkar såleis heile organismen.

Aromaterapimassasjen består av ein kombinasjon av svensk-, klassisk- og bindevevsmassasje, lymfedrenasje og akupressur.

Aromaterapi er eit reiskap som først og fremst blir brukt for å styrke kroppens sjølvhelbredande evner. Behandlinga kan opprettholde og fremje ei god helse og velvære. Den gjev oss eit overskudd til kropp og sjel, og dermed kan vi lettare takle kvardagens jag og stress. Dei eteriske oljane har ei god virkning på oss både fysisk og psykisk og aukar blod og lymfesirkulasjonen, løyser opp stiv muskulatur og gir ei mjukare og smidigare hud.
Det er og spesielt egna ved stressrelaterte plager, reumatiske plager og smerter i musklar.

For eit spesielt helseproblem treng man fleire behandlingar, avhengig av kor lenge man har hatt plagene og kroppens sjølvhelbredande evner. Som ei avstressande og avslappande behandling kan man ta aromaterapi, når man føler for det.

TERAPEUTISK MASSASJE:
Eg utfører også terapautisk massasje på rygg, skulder, nakke og hovud. Då brukar eg oljar spesielt egna for stramme og vonde musklar.

ENERGIBALANSERING:
I kinesisk medisin finn vi teorien om yin og yang og Qi. Yin og yang er to motsatte polar som utfyller kvarandre. Mennesket oppfattast som ein heilhet beståande av vitale organ og energibaner/meridianar som forbinder dei indre organa med kroppens overflate. Fysiske strukturar, tankar og følelsar er avhengige av den grunnleggande livsenergien/livskrafta (Qi). To og to meridianar heng saman der den eine er yin og den andre er yang. Qi som er den vitale energien skal strømme fritt og harmonisk i desse meridianane. I følge kinesisk medisin er dette ei forutsetning for god helse. Viss energien av ein eller anna grunn blir forstyrra oppstår det ubalansar og blokkeringar som kan resultere i smerter og plager. Psykiske ubalansar kan også påvirke meridianane.
Det eg gjer under ei energibalansering er å balansere desse meridianane i auraen(energifeltet rundt kroppen), så blokkeringar og ubalansar forsvinner og energien kan flyte fritt. Det er anbefalt 3-5 behandlingar.

Litt om meg:

Eg heiter Lisbeth Vereide er 25 år, og er utdanna aromaterapeut ved Naturmedisinsk Metodikk i Ålesund.
Har og eksamen i grunnmedisin ved Medisinfagskolen/Tunsberg Medisinske Skole.
TV 2 Torget-referanse: 100216174
Oppdatert : 04.02.2012

Kontakt

Navn Lisbeth Vereide
Telefon 481 47 739
Epost Send epost
Nettside Klikk her

Sted

Adresse Gjerdevegen 6
6770 NORDFJORDEID
Kommune Eid
Fylke Sogn og Fjordane
Land Norge