Velkommen!

Eg er forfattar, og skriv mest bøker med emne frå norsk arbeidsliv. Dei siste åra har eg reist rundt og snakka med folk som opplevde det store tidsskillet i arbeidslivet dei første tiåra etter andre verdenskrigen, då kroppsarbeidet og slitet gradvis blei historie, og mekaniseringa tok over.

Eg har gjort opptak av det dei har fortalt, redigert historien deira saman til bøker om ulike tema, og laga historiske rammer kring det dei fortel. Forteljane har vore  fabrikkarbeidarar, sjøfolk, skogsarbeidar, småbrukarar og kvalfangarar. Bøkene er rikt illustrert, dels med bilder frå fortejarane sine private samlingar.

På heimsida mi kan du gjere deg meir kjent med desse bøkene, og gjerne bestille, dersom du finn noko du er interessert i. Du er og velkommen til å legge inn helsningar, kommentarar og spørsmål i gjestboka mi.

Hyggeleg at du stakk innom, og tips gjerne andre om sida!

 

 

Stikk innom
www.lasse-t.no

TV 2 Torget-referanse: 100218693
Oppdatert : 08.11.2011

Kontakt

Telefon 37 16 76 00
Epost Send epost
Nettside Klikk her

Sted

Adresse 4915 VESTRE SANDØYA
Kommune Tvedestrand
Fylke Aust-Agder
Land Norge