- ein all round-festival med utganspunkt i
klassisk musikk.
Gloppen Musikkfest starta i 2003 som ei foreining og vart 29. mars 2009 gjort om til Stiftinga Gloppen Musikkfest. Musikkfesten har i følgje vedtektene som formål å skape eit aktivt kunst- og kulturmiljø på høgt kunstnarleg nivå i Gloppen og Nordfjord-regionen, men også for omliggande distrikt.
Dette skal gjerast ved at det årleg blir arrangert ein festival der hovudvekta vert lagt på tilskipingar med utgangspunkt i klassisk musikk, med følgjande presisering:
a)Det skal vere rom for andre sjangrar og andre uttrykksformer og ulike former for seminar og meisterkurs.
b) Minst eitt av festivalarrangementa skal vere retta mot born og unge.
c) Gloppen Musikkfest skal søke samarbeid med andre institusjonar og arrangørar der dette vil vere naturleg.
d) Gloppen Musikkfest skal også ha som mål å stå som arrangør, anten åleine eller i samarbeid med andre, for ulike kulturarrangement utanom festivalperioden.
Årets Gloppen Musikkfest
spenner frå vakker song og kammermusikk, til dokketeater, kyrkjekonsert og folkrock.
Vi opnar festivalen med ein festkonsert med blant andre songaren Mari Eriksmoen, pinanisten Sveinung Bjelland, felespelaren Gro Marie Svidal og resten av festivlamusikarane – alle på internasjonalt toppnivå. Her får publikum presentert gullkorn frå musikkhistoria.
Les mer om festivalen
www.gloppenmusikkfest.no
Kontakt
| Telefon | 926 36 939 |
| Epost | Send epost |
| Nettside | Klikk her |
Sted
| Adresse | 6823 SANDANE |
| Kommune | Gloppen |
| Fylke | Sogn og Fjordane |
| Land | Norge |