Radio Folgefonn vart starta i 1984 som eit partslag med prøvesendingar i Odda. Frivillige medarbeidarar la ned mykje arbeid, og suksessivt vart konsesjonen utvida. Først med Ullensvang, seinare med fleire kommunar i Hardanger, og sia 2000 har også Voss vore ein del av konsesjonsområdet. Utfordringane var store og mange aktørar kom og gjekk. Fram til 2002 sysselsette radioen eitt årsverk.
Ved hjelp av 23 sendarar når radioen i dag ut til ca 40 000 innbyggjarar i kommunane Odda, Ulvik, Voss, Ullensvang, Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam og deler av Kvinnherad. I tillegg når vi ut til dei ca 40 000 som har fritidshus i området.
Radio Folgefonn er ein beredskapsradio, og har ved fleire høve vore ein viktig formidlar av viktige meldingar til innbyggjarane i konsesjonsområdet.
Antal årsverk har dei siste åra auka til nærare 6, fordelt på 8 tilsette.
Hovudkontoret til Radio Folgefonn ligg i Odda.
Hovudinntekta til radioen kjem frå reklame på FM bandet, Internett, Marknadsavisa, storskjermar, bingo og kommunale tenester. Vi overfører også kommunestyremøta i Odda, Voss, Kvam og Ullensvang.
Vi sender 24 t. pr. døger 7 dagar i veka og dekkjer heile konsesjonsområdet. Vi er også på nett med lyd. Vi har eigen marknadsavdeling med 4 tilsette og redaksjonsavdeling med 4 tilsette.
I oktober 2009 feira radioen 25 års jubileum.
Kontakt:
Radio Folgefonn
Tyssedalsvegen 4
5750 Odda
Telefon 53 64 44 44
e-post: post@radiofolgefonn.no
Heimeside: www.radiofolgefonn.no
Kontakt
| Telefon | 53 64 44 44 |
| Telefaks | 53 64 34 89 |
| Epost | Send epost |
| Nettside | Klikk her |
Sted
| Adresse |
Røldalsveien 2 5750 ODDA |
| Kommune | Odda |
| Fylke | Hordaland |
| Land | Norge |