For ein is...

Smakar kjem og smakar går. Sjølv om nokre allereie kan kallas klassikarar. Fellesnemnaren er is av høgaste kvalitet. Me tykkjer sjølv det er vanskeleg å velja. Du får klikka og sjå på utvalet me har no. Åtvaring: Bileta er først kjøpsutløysande, så vanedannande!


Vanilje
Vaniljeis med eggeplomme og vaniljefrø frå ekte vaniljestenger. Passar godt aleine, eller som dessert med til dømes brownies og sjokoladefondant. For ikkje å snakka om varme bjørnebær!

Sjokolade
I denne isen har me lagt inn tjukke striper med herleg mørk sjokolade. Spring til frysaren neste gong du får sjokoladekick!

Jordbær
Jordbær høyrer sommaren til. Jordbæris frå Iskremgarden er ei heilårsglede. I vaniljeisen har me blanda inn herleg jordbærsaus og heile jordbær. Smakar godt og er fin for augo.

Karamell
Ein herleg konfekt av ein is! Mjuk karamellsaus er blanda inn i karamelliskremen. Smelta sukker er berre snop.

Sjokolage kjeks og krem
I byen kaller ein slik is for cookies and cream. Me fortel berre at isen inneheld bitar av kjeks trekt med herleg sjokoladesaus. Og at eggeplommer har noko av skulda for den fristande, krema smaken.

To sjokoladar: Kvit og Hasselnøtt
Kvit sjokolade kan me takka sveitsarane for. Hasselnøtter er ei gåve frå Vårherre. Den kvite sjokoladen er brukt i iskremen. Og så er hasselnøttsjokoladen blanda inn i tynne lag. Dei passar saman!

Peanøtt og Karamell
Hugsar du fødselsdagane med is og peanøtt? Det var stas det – og me har like godt blanda godisane i ein boks. Heilt ok for vaksne med sterkt sjøvbilete òg.

Crème Brûlee
Er du glad i Crème Brûlée, den verdskjente franske farbroren til den norske karamellpuddingen? Bruna og avkjølt sukker gjer seg òg utruleg godt i iskrem. Ein vinnar til kaffen – uansett tid på døgnet.


På Waldeland Gard, under den høge himmelen på Jæren, beiter kyrne i fred og semje. Den ferske mjølka, blanda med naturlege smakar, vert til knallgod is. Historia om Iskremgarden er eit moderne norsk bondeeventyr.

Kunstige essensar er ikkje noko for iskremgarden. Så langt som mogeleg vil Grete og Ole Morten nytta norske råvarer, men dei vil sjølvsagt òg nytta ingrediensar frå støvellandet der sør.

Buon appetito!

www.iskremgarden.no

TV 2 Torget-referanse: 100182829
Oppdatert : 03.04.2011

Kontakt

Telefon 957 86 828
Epost Send epost
Nettside Klikk her

Sted

Adresse 4362 VIGRESTAD
Kommune
Fylke Rogaland
Land Norge