Velkommen!

 


 

VAR AASEN-TUNET gir deg gode opplevingar og undrande ettertankar om språk, litteratur og arkitektur. Tunet ligg der Ivar Aasen var fødd og voks opp, og er ope heile året.

I Ivar Aasen-tunet er det fem bygningar frå fire hundreår og eit uteamfi som har vore stemneplass i over hundre år.

Hovudbygningen frå 2000 er teikna av meisterarkitekten Sverre Fehn og heidra med den fremste utmerkinga for arkitektur i Noreg.

Tida går fort i utstillingane som er til å sjå og ta på. Du kan teste dialektkunnskapane dine, sjå kva ein bonde brukte trykkjeriet sitt til i 1809, opne skuffer med det rare i, stusse over nokre småsteinar i ein monter, og sjå kladdearka Ivar Aasen aldri rakk å bruke.

Kvar dag fortel vi noko nytt om all verdas språk og språk i Noreg.

KAFEEN byd på smakfull mat og ferske aviser frå mange stader i landet. BUTIKKEN rommar hundrevis av varer og gåveartiklar i mange prisklassar. Mykje av dette finn du berre hos oss.

OMVISINGAR i sommarsesongen kvar heile time, elles etter behov. Borna får bli med tunkatten Lurivar på spesialomvising kvar tysdag og fredag i sommarsesongen.

 


 

For meir informasjon, besøk www.aasentunet.no

TV 2 Torget-referanse: 100179444
Oppdatert : 22.02.2010

Kontakt

Telefon 70 04 75 78
Epost Send epost
Nettside Klikk her

Sted

Adresse 6160 HOVDEBYGDA
Kommune Ørsta
Fylke Møre og Romsdal
Land Norge