Velkommen til Norsk Esperanto Forbund

  • Esperanto er eit språk som vart lansert i 1887.
  • Det finst esperanto-brukarar i over hundre land.
  • Det internasjonale esperantoforbundet UEA organiserer til saman rundt 20 000 medlemmer.
  • UEA er representert hjå Unesco.
  • Nokre hundre personar har esperanto som morsmål fordi foreldra har brukt språket i heimen.

Veldig mange vil i dag framheva det sosiale aspektet ved esperanto: at ein kan møta folk som ein elles aldri ville ha møtt, og som ein elles aldri ville ha snakka med. Slik sett er esperanto eit fint språk å kunna i tillegg til dei andre språka som ein eventuelt kan.

Det går kjapt å tilegne seg esperanto. Allerede i løpet av noen få uker eller dager kan man føre enkle samtaler. Vær likevel oppmerksom på at esperanto likevel er et språk som tross alt må læres. Slikt krever en viss innsats uansett. Se kursoversikt !

Rettvis kommunikasjon

Esperanto er eit språk til bruk i kommunikasjon mellom folk som har ulike morsmål. Esperanto er meint å vera meir rettvist i slike samanhengar, ved at ingen skal eiga det meir enn andre (difor møter me av og til omgrepet «nøytralt språk»). Til samanlikning har engelskspråklege eit stort fortrinn når det skal snakkast engelsk i internasjonale samanhengar.

Det er lettare å læra enn mange andre språk (sjølvsagt varierer dette noko, det er jo framleis enklare for ein nordmann å læra dansk, men det er enklare for nordmenn å læra esperanto enn å læra engelsk), slik at det er større sjanse for at folk kan snakka på like fot med kvarandre, og ikkje minst koma relativt raskt opp på eit greitt språkleg nivå. Dette styrkjer kontakten mellom vanlege «menn og kvinner i gata», utan å favorisera like sterkt som ved andre framandspråk dei personane som er spesielt flinke i språk, eller dei som har spesielt god tid (og spesielt mykje pengar) til å læra seg framandspråk.

Kontakt på tvers

Og med betre kontakt mellom vanlege folk i ulike kulturar, så vert det òg enklare for folk å forstå framande kulturar. Dette er den beste garantien for fred og samarbeid, og her vil altså esperanto spela si vesle rolle (saman med alle andre språk) i det store og samansette prosjektet som heiter brubygging.

I tråd med dette vedtok deltakarane på verdskongressen i Praha i 1996 Praha-erklæringa om språkleg mangfald, språklege rettar osb. Oppropet er formulert på ein høgtidleg og byråkratisk måte, men det er mogeleg å lesa det for den som har god tid... Bryr du deg ikkje om byråkratisk språkføring, så berre hopp over Praha-erklæringa.

I praksis i dag vert esperanto brukt som fellesspråk i sosiale samanhengar innanfor turisme og på ymse treff og arrangement. Og som ein deltakar på eit slikt treff sa det til meg som skriv denne sida: «Oi, eg lærte esperanto for berre to år sidan, men eg var på eit føredrag i dag, og forstod absolutt alt som vart sagt!»

Klikk her for å lesa meir om kva esperanto vert brukt til i dag.

For mer informasjon, vennligst besøk vår hjemmeside:

www.esperanto.no

TV 2 Torget-referanse: 100184126
Oppdatert : 03.09.2010

Kontakt

Navn Norsk Esperanto Forbund
Telefon 22 35 08 94
Epost Send epost
Nettside Klikk her

Sted

Adresse Olaf Schous vei 18
0572 OSLO
Kommune Oslo
Fylke Oslo
Land Norge