Velkommen til
Stordal Alpinsenter!
I 2009 vil det vere 30 år sidan det første skitrekket kom på plass i Overøye. Den store utbygginga i 2005/06 har ført til ein stor auke i talet på brukarar i anlegget. Sesongen 2007/08 er utan samanlikning den beste i alpinsenteret si historie. Vi reknar med ein auke i personturar på 35% frå sesongen 2006/07.
Vi opna trekka 17. november, og heldt ope heilt fram til 27. april. Vi har tre nye trekk som har gått utan store tekniske problem, og utstyret elles er også driftssikkert.
Vi har hatt stor pågang etter utleigeski, og til neste sesong vil vi utvide dette tilbodet. Vi har til tider hatt vanskar med å møte etterspørselen fullt ut.
Det nye billettsystemet er utvikla for å kunne oppdatere skikort via nettet.
Til neste sesong vurderer vi å aktivere denne delen av systemet, slik at kunden då kan sleppe å stå i kø for oppdatering.
Det er gode parkeringsforhold ved Arena Overøye.
I den sesongen som no er avslutta, tok parkeringsplassen unna den store trafikken – kanskje bortsett frå eit par dagar i påska, då det til dels vart parkert langs fylkesvegen.
Klikk deg inn på vår hjemmeside for mer informasjon!
Kontakt
| Telefon | 907 00 903 |
| Epost | Send epost |
| Nettside | Klikk her |
Sted
| Adresse | 6250 STORDAL |
| Kommune | Stordal |
| Fylke | Møre og Romsdal |
| Land | Norge |