Kultur og tradisjon i gamalt gardstun.
Matservering med utsikt til fjord.
Overnatting i hus med sjel.
Fjell og frodig natur.
Tursti til fjells.
B&B - Seng og frukost
Eide Gard er staden for deg som søkjer den enkle og tradisjonelle stemninga frå Vestlandet. Gardstunet, som stammar frå rundt 1800 er satt i stand i tradisjonell norsk stil. på garden finn du og eit eldhus med grue, og eit vedskjul som er omgjort til gildeskål (trad. selskapslokale).
Fjordutsikt frå romma, gangavstand til Ølen sentrum, merka turløyper.
Arrangement
Skal noko feirast?
- eit jubileum frå skuletida som skal markerast?
- ein åremålsdag?
- konfirmasjon i familien?
- utdrikkingslag?
- brudlaup for 1. eller 2.gong?
Me tek på oss alle typar arrangement for opptil 40 personar. Garden har alle rettar.
Opplevelsar:
Treng du påfyll til livet, ikkje berre til jobben? Vil du ha det godt og kun tenkja på deg sjølv - utan å skulle rapportera til nokon?
- Kva med å ta med gode venner /kollegaer til "Babettes Gjestebud" på Eide Gard? Einkulinarisk nytelse over fleire timar med spennande rettar på menyen.
- Om du sist hadde mange gjester i brudlaupet, og denne gongen ynskjer noko spesielt for dei utvalgte, kontakt oss og me lagar den ramma de måtte ynskja.
- Og etterpå - om du vil overrekkja morgongåva utan publikum, men med champagne, står brureloftet klart!
- Kva med å nyta Ølensnaturen og prøva ut dei flotte og godt merka turstiane med utgongspunkt frå Eide Gard? Eller er du den typen som føretrekk å vera i båt og heller vil prøva fiskelukka?
Kontakt
| Telefon | 53 76 82 23 |
| Telefon | 901 95 310 |
| Epost | Send epost |
| Nettside | Klikk her |
Sted
| Adresse |
Eide 5580 ØLEN |
| Kommune | Ølen |
| Fylke | Rogaland |
| Land | Norge |