Sjekk inn, pust ut.
Som gjest hos oss, vel du sjølv kor aktiv du vil væra. Hotellet sin aktivitetsfløy innheld innandørs symjehall, tennisbane, squashallar, biljard, bordtennis, treningsrom og golfsimulator.
For avslapping og velvære tilbyr vi boblebad, badstover, solarium, japansk massasjebekk og massasjestolar. Aromaterapi og massasje kan tingast. For dei minste gjestene finst det leikerom.
ROM
Romma på Hotel Ullensvang held høg standar, og er utsøkt dekorert. Alle våre 172 rom er røykefrie, men dei fleste har balkong. Hotellet har rom av fleire ulike kategoriar, for at du som gjest skal får velga. Alle romma er utstyrte med:
- Hårturkar
- TV med internett-tilgang
- Radio
- Minibar
- Buksepresse.
- Dei finaste romma har og badekar. Enkelte rom er inredd spesielt med tanke på barnefamiliar. Hotellet er rullestol vennleg.
SUITER
- Hotel Ullensvang har 20 rom av kategorien deluxe.
- Hotellet har 9 juniorsuiter, med salong og avskjerma sovealkove
- Våre 7 suiter har utsikt over Hardangerfjorden og består av ein salong og ein separat soveromsdel.
ARRANGEMENT
Vi har lang erfaring som vertskap for arrangement, store som små. For oss er det du som arrangør som står i sentrum. Våre medarbeidarar kan hjelpe til under heile prosessen med planlegging og gjennomføring, slik at oppleivinga under opphaldet skal svara til forventningane.
KONFERANSE
Vi har eit topp moderene kurs- og konferanseavdeling. Her finn de lokale velegna for små eller store arrangement, vi disponerer det meste av tekniske hjelpemidlar. Vår konferansevert er tilgjengeleg under heile arrangementet og styrer for at rammene rundt vert slik de ynskjer.
Kontakt
| Telefon | 53 67 00 00 |
| Epost | Send epost |
| Nettside | Klikk her |
Sted
| Adresse | 5787 LOFTHUS |
| Kommune | Ullensvang |
| Fylke | Hordaland |
| Land | Norge |