Velkomen til
Austrheim
Austrheim ligg lengst vest i landet, og dette ber lanskap og naturen her preg av. Mange fine øyar, holmar og sund ligg og demmer opp for storhavet utanfor.
Attraksjonar i Austrheim
I Austrheim har me mange attraksjonar for den som ynskjer å sjå seg rundt. Me kan her nemna:
SKJÆRGARDEN- Øyane og holmane saman med Fosenøya er eit av dei største og finaste båtutfartsområda ein har i fylket.
LYNGHEIANE: -Lyngheilandskapet i Austrheim og Nordhordland er internasjonalt kjend som eit av dei siste eksisterande område med denne vegertasjonstypen. Tidlegare fann ein lyngheilandskap langs heile Atlanterhavskysten der det, som her, var knytta til forsanking.
STEINALDERBUPLASSAR: -I Austrheim finn du meir enn 30 steinalderbuplassar, og nokre av dei er mellom dei eldste i landet. Buplassane er store, sjølv i europeisk målestokk, og vitnar om at tilgangen frå fisk og vilt har vore særs god.
KVERNHUSANLEGG: -To flott restaurerte kvernhus i Hoplandsmarka, ein kort spasertur frå riksvegen.
VARDETANGEN: -Noreg vestlegaste fastlandspunkt, Vardetangen, ligg i Austrheim kommune. Her er det to fine og lette turstiar som kan føra deg ut til dette punktet.
I sentraladministrasjonen til kommunen vil du kunne få ytterlegare opplysningar om Austrheim som reisemål.
Tlf. 56162000 eller hendvend deg her: post@austrheim.kommune.no
Les mer om:
For mer info, se
www.austrheim.kommune.no
Kontakt
| Telefon | 56 16 20 00 |
| Telefaks | 56 16 20 01 |
| Epost | Send epost |
| Nettside | Klikk her |
Sted
| Adresse | 5943 AUSTRHEIM |
| Kommune | Austrheim |
| Fylke | Hordaland |
| Land | Norge |