Velkommen til Sandøy kommune
- Under høg himmel med vid horisont -

Noregs beste kommune, i verdas beste land

Sandøy kommune er den minste kommunen i Møre og Romsdal i flateinnhald, 19,6 kvadratkilometer, og den nest minste i folketal med ca. 1320 innbyggjarar. Kommunen er ei rein øykommune som består av 872 øyar, holmar og skjær. 5 av øyane er bebudd og kommunesenteret ligg på STEINSHAMN på HARØY.


Vi kan tilby deg flotte fiskemulegheiter frå båt, land og molo, nydelege naturopplevingar, mange og gode overnattingsmulegheiter - vi har alt!

Lengst nord i denne øyrekka finn du Sandøy kommune med sine 872 øyar, holmar og skjer.
Om lag 1320 innbyggjarar fordeler seg og sitt daglege verke og bupel på øyane.

Ved å klikke her, finn du oversikt over kvar du kan legge til kai.


Med båt kan du ta i nærsyn dei fire fråflytta øyane, Sæterøya, Gåsøya, Marøya og Uksnøya, kvar med si særeigne og stolte historie. 980 kvkm havland omkransar 20 kvkm tørrskodd land med ei samla kystline på 245 km. Mot vest ligg ein vernande skjergard som gir livd for storbåra. Men og ein lunefull fallgard som kun dei mest sjøvante kan ta seg fram i. Mot aust ei høgreist fjellrand i flørtande konflikt med dei morgontidlege solstrålane.
Mykje hav. Mykje himmel. Elementa i eit stadig skiftande fargespel. Himmelblått, inderleg leikande. Skymørkt, oppkava trugande. Ein dramaturgi på naturen si eiga scene.


Vi er småbåtfolk
Dei båtrike småbåthamnene rundt om i kommunen vitnar om at vi er eit småbåtfarande folk, enten det handlar om å hente inn matauk eller oppsøkje fridomsopplevinga i møtet med elementet havet, dette uendelege, storslagne som gir terapi til slitne tankar.
7 gjestmilde og godt opparbeidde småbåthamner, med tilrettelagde fasilitetar for deg som søkjer hamn hos oss, er godt fordelt på dei fleste øyane våre. Ved å klikke her, finn du oversikt over kvar du kan legge til kai.

Vi er internasjonale
Ikkje berre næringslivet vårt har eit internasjonalt nedslagsfelt - med dei fleste kontinenta og verdshava som arbeidsplass og marknad. Også lokalsamfunnet har eit mangfaldig svip.
Om lag 30 ulike nasjonalitetar lever saman i den same kvardagen og helgedagen. Og det gjer noko med oss, horisonten vert liksom endå vidare, himmelen endå høgare.

Vi er arbeidssame

Arbeidsløysa har dei siste 20 åra ikkje overskride 2 %. Sysselsetjinga er så behovssterk at reservearbeidsmarknaden finst ikkje. Den største utfordringa for alle verksemder, private og offentlege, er å kunne rekruttere og behalde nødvendig kompetanse.
Og i den arbeidsintensive arbeidsdagen er det framtidskunnskap, omstillingskompetanse og rimeleg høg verdiskaping som pregar næringslivet vårt. Produksjonen er i all hovudsak maritimt relatert.  Brukseiningane innan jordbruk og fiskeri har blitt merkbart færre, men større dei siste 20 åra. Turisme er den nye vekstnæringa.

 

Besøk vår hjemmeside for mer informasjon
www.sandoy.kommune.no

TV 2 Torget-referanse: 100221832
Oppdatert : 17.01.2012

Kontakt

Navn Lasse Larsson Fjørtoft
Telefon 71 27 75 00
Telefaks 71 27 75 01
Epost Send epost
Nettside Klikk her

Sted

Adresse Kommunehuset
6487 HARØY
Kommune Sandøy
Fylke Møre og Romsdal
Land Norge