Velkommen!
Då Flø Feriesenter vart starta hadde vi eit håp om at folk kunne like den røffe naturen og havet som har forma Flø gjennom hundrevis av år.
Flø har vore buplass i mange hundre år. Det er funne steinreiskapar som pilspissar langs elva, og eit titals vikingegraver vitnar om ein mektig vikingekultur.
Vi er 8 eigarar som driv Flø Feriesenter. Alle er involvert i drifta og du kan like gjerne møte oss som malar på uthuset, på plenklipparen, vaskar på nabohytta som i resepsjonen.
Det meste av arbeidet vi gjer er på dugnad. Vi strebar heile tida mot å forbedre oss på alle områder. Har du spesielle behov eller ynskjer er det berre å ta kontakt med oss på førehand.
Naturen på Flø innbyr til mange og varierte aktivitetar. Ein kan ta med seg sekken og gå ein tur opp på fjellet. Etter ca 10 min gange kan ein byrje på ein av dei mange oppstigningane til fjella våre. Det ligg kart over dei forskjellige rutene i alle hyttene.
Er du i tvil om kva du skal velje er det berre å spørre. Der er både krevande og lette ruter. Vel oppe på fjellet er det fleire fiskevatn med rom for telting. På hausten er det mogleg å plukke bær. Blåbær, tyttebær, molte og krekling.
Flø I.L har dessutan orienteringspostar på toppane. Frå dei same toppane har ein utsikt til Sunnmørsalpane på eine sia og på den andre, holmane og havet utanfor.
Flø var tidligare ei bygd der fiske og jordbruk var næringsveien til dei fleste, gjerne i kombinasjon. Og havet utanfor Flø er rikt på fisk av mange slag. Sei, torsk, breiflabb, steinbit, hyse, uer, makrell, pigghå, lyr, kveite, laks, flyndre og mange fleire. Vi har båtar m/motor på feriesenteret.
Det fylgjer med ein båt i hytteprisen, bensin må betalast etter forbruk. I tillegg har vi nokre båtar for utleige. Fiskeutstyr anbefalar vi at du har med sjølv eller kjøper det når du kjem hit. Er det krise har vi litt utstyr i resepsjonen.
Linker:
For meir info, klikk deg inn på vår hjemmeside!
Kontakt
| Telefon | 70 01 50 80 |
| Epost | Send epost |
| Nettside | Klikk her |
Sted
| Adresse | 6065 ULSTEINVIK |
| Kommune | Ulstein |
| Fylke | Møre og Romsdal |
| Land | Norge |