Velkomen til
Giske kommune!
Giske kommune er 40 km2 stor, og har 7.200 innbyggjarar fordelt på dei 4 øyane Vigra, Valderøy (kommunesenter), Giske og Godøy som har fastlandssamband med Ålesund og Sunnmøre.
Kommunen har eit særprega kystmiljø med storslått natur og idylliske fiskevær. Giske har dei seinare åra vore i positiv utvikling med mykje nybygging, eit blømande næringsliv og med styrking av sjølvkjensle og eigenart.
Giske kommune har ei spesielt rik kulturhistorie, med fleire gravfunn og fornminne som fortel om busetjing i fleire tusen år. På vestsida av Valderøy ligg Skjonghelleren, der det er funne restar av dyr og fugleartar frå 30.000 år tilbake i historia.
Marmorkyrkja på Giske vart bygd på 1100-talet av den mektige "Arnungeætta" og fungerer i dag som soknekyrkje for øya.
Vikinghøvdingen Gangerolv kom frå Giske og grunnla hertugdømmet Normandie i Frankrike: Gangerolv er sett på sokkel i byen Rouen med kopi av statuen i byparken i Ålesund, og er minna med ein bautastein på Vigra. Alnes er ein særprega attraksjon med sommarkafe i den gamle fyrvaktarboligen og utsikt over hav og kyst frå fyret.
Dei 4 øyane i Giske kommune er knytt saman med fastlandet og Ålesund by med eit undersjøisk tunnel- og brusamband. Kommunesenteret ligg på Valderøya, og flyplassen Ålesund Lufthamn på Vigra har direkt rutesamband med Bergen, Trondheim, Oslo, København og London samt charterruter til Syden.
Giske har eitt særprega kystmiljø med storslått natur og idylliske fiskevær, og har dei seinare åra vore i positiv utvikling med mykje nybygging, eit blømande næringsliv og med styrking av sjølvkjensle og eigenart.
Kommunen har ein spesielt rik kulturhistorie med fleire gravfunn og fornminne som fortel om busetjing gjennom fleire tusen år.
Verd å sjå og gjere:
- Marmorkyrkja på Giske frå 11. århundre (sommarguide)
- Skjonghellaren på Valderøya, gammal steinalderbuplass
- Alnes - fiskevêr og fyrtårn med fyrkafè på Godøya (sommarope)
- Fiske - i sjøen og fjellvatn
- Golf ved Gjøsundet, Vigra
- Godøyfjellet med turstiar opp til Alnesvatnet
- Blimsanden på Vigra - badestrand
- Godøy Kystmuseum på Godøya
- Gravhaugar
Velkomen til Giske!
Kontakt
| Navn | Martin Bostad |
| Telefon | 70 18 80 00 |
| Telefaks | 70 18 80 01 |
| Epost | Send epost |
| Nettside | Klikk her |
Sted
| Adresse |
Giske 6050 VALDERØYA |
| Kommune | Giske |
| Fylke | Møre og Romsdal |
| Land | Norge |