Velkommen til
Stavkyrkja og Bygdetunet i Heddal
1 2010 ble Heddal bygdetun konsolidert med Norsk Industriarbeidermuseum, som vil drifte museet med hjelp fra Heddal og Notodden Museumslag
Heddal bygdetun
Vi ligg eit par steinkast frå Heddal stavkyrkje.
Dette er eit friluftsmuseum med ulike bygningar frå det gamle bondesamfunnet. Einaste unntaket er Fyrileivstugo som er eit av dei få eksempla på bygningar som har blitt flytta frå byen til landsbygda.
Opningstide:
13. juni – 19.juni Kl. 10 – 17
20.juni – 15. august Kl. 10 – 19
Stavkyrkja i Heddal
Noregs største stavkyrkje, eit mesterverk i tre, bygd rundt 1250.
Stavkyrkja i Heddal har vore eit populært turistmål i snart 200 år. I dei siste åra har talet på besøkjande vore rundt 20.000 personar. Det har vore ei omvisarteneste ved kyrkja i over 30 år, som tek imot og viser turistane rundt i kyrkja. På norsk, tysk og engelsk kan alle som ønskjer det få høyre om kyrkja si historie.
Gudsteneste sundagar kl 12 der alle er velkomne inn for å delta. Korte andaktar med musikk og bibellesing er det to dagar i veka i høgsesongen. Les mer >>
Kulturstigen "ein stig gjennom tid"
Stavkyrkjeområdet har mange historier å fortelje, og kulturstigen gir deg forteljingane. Les mer >>
Prestegardslåven
Prestegardslåven fekk Byggeskikksprisen i 1997. Den er bygd på tuftene av ein eldre låve i sveitserstil. Det var strenge krav til utforming av eksteriøret frå vernestyresmaktene då den nye låven skulle reisast. Den nye Prestegardslåven inneheld mellom anna ei arbeidskyrkje, kontorlokale og kafeteria til bruk for ei rekkje institusjonar, grupper, lag og foreiningar i bygda. Les mer >>
Stavkyrkja og kafeen i Prestegardslåven åpningstid: kl. 09:00 - 18.00
Kom på besøk!
Linker:
Kontakt
| Telefon | 35 02 06 80 |
| Telefon | 902 83 121 |
| Epost | Send epost |
| Nettside | Klikk her |
Sted
| Adresse |
Heddalsvegen 385 3677 NOTODDEN |
| Kommune | Notodden |
| Fylke | Telemark |
| Land | Norge |